Alta-konflikten
På 1970-talet var det ein stor konflikt i Finnmark der samar og naturvernarar stod mot norske myndigheiter. Myndigheitene ville demme opp Altaelva akkurat der den samiske bygda Máze (norsk: Masi) låg for å bygge eit nytt vasskraftverk.
Sjølv om det etter kvart blei avgjort at ein skulle frede Máze, var motstanden mot utbygginga stor. Dei samiske aksjonistane var opptekne av at kraftverket ville øydeleggje for reindrifta i området, og naturvernarane meinte utbygginga ville skade det biologiske mangfaldet.
I artikkelen frå Store norske leksikon nedanfor kan du lese meir om denne konflikten. Du kan lese om korleis aksjonistane prøvde både dialog og andre verkemiddel som å lenke seg fast og å sultestreike, og korleis kampen endte. I artikkelen kan du også lese om det politiske etterspelet av denne saka.
Les artikkelen og tenk gjennom eller diskuter:
- Ut frå det du veit om aksjonen no: Synest du det var rett av myndigheitene å gjennomføre utbygginga?
- Kva trur du ein kamp som dette kan bety for identiteten og sjølvkjensla til ei folkegruppe?
Nettressurser
-
SNL: Alta-saken
(snl.no)