Familien i litteraturen
Kva er ein familie? Kva er det som knyter familiar saman, og kva betyr familien din for kven du er som menneske?
Slike spørsmål blei viktige i litteraturen på 1990-talet. På side 152 i Moment 3 har du kanskje lese at dette kan henge saman med at forfattarane høyrde til den første generasjonen der mange vaks opp med skilte foreldre. Litteraturkritikaren Marta Norheim (2007) skriv om korleis familien blir enda viktigare i litteraturen når det tradisjonelle familielivet blir utfordra i samfunnet. Her er ei oppsummering av nokre trekk som ho finn i mange romanar som tematiserer familieliv på slutten av 1990-talet og byrjinga av 2000-talet:
- Relasjonane mellom familiemedlemmane er viktigare enn familieforma (for eksempel om foreldra bur saman eller kvar for seg)
- Mødrer er enten veldig fjerne og sjølvopptatte, eller dei er invaderande og kjem altfor nær
- Fedrar liknar ofte urovekkjande mykje på barn
- Foreldra veit lite om kva som skjer i livet til ungane sine
- Barna er ofte svært lojale av frykt for å bli forlate
- Familien er ofte ein utrygg stad, men likevel viktig fordi det er der ein kan få omsorg
- Familien er også viktig fordi den forvaltar historier om kven ein er, og kvar ein kjem ifrå
(Norheim, 2007)
Refleksjonsoppgåver:
Har du lese ei bok der vi får innblikk i ein familie? Finn i tilfelle ut når boka er skriven. Kjenner du igjen nokre av trekka ovanfor? Om ikkje – kva seier denne boka om familielivet? Trur du dette er typisk for tida som boka er skriven i, eller den kulturen som ho skildrar, eller er det tvert imot ei bok som har eit overraskande perspektiv?
Om du skulle skrive ei novelle eller lage ein kortfilm om familien i dag, kva for relasjonar ville du fokusere på? Korleis ville du at stemninga skulle vere? Kva for litterære eller filmtekniske grep ville du tatt? (Tenk på element som synsvinkel, komposisjon, språklig stil, språklege verkemiddel, kameravinkel, utsnitt, klipperytme osv.)
Kjelde:
Norheim, M. (2007). Røff guide til samtidslitteraturen. Oslo: Det Norske Samlaget.