Les meir om Vesaas’ roman Fuglane
I Moment 3 har du kanskje lest om korleis forfattaren Tarjei Vesaas skildrar indre konfliktar i heilt særeigne personar, ofte plasserte i eit bygdemiljø. Ein av desse raringane som Vesaas let oss bli kjent med, er Mattis i romanen Fuglane (1957):
Dei kalla han for Tusten, og flirde når det vart tale om han i samband med arbeid. Det var to ting som ikkje gjekk i hop. Borte i den arbeids-brusande bygda var der nok fullt av soger om korleis det gjekk når Mattis tust ville arbeide – alt vart berre tull.
Du mitt nebb imot stein, tenkte han hovudstup der han satt – og det fór i han.
Kvaslag?
Men det var borte.
(…)
Han såg snøgt bort på systera. Ho hadde ikkje merka noko. Ho sat der lita og snerten, men ikkje noken jentunge, ho var førti år.
Om han sa slike ting for henne? Nebb imot – ho ville ikkje skjøne.
(Vesaas, 1957/2007)
Mattis kan ikkje ta vare på seg sjølv og er heilt avhengig av systera Hege.«Kva skal ein gjera når alle ikring ein er sterke og kloke?», spør Mattis seg sjølv. Men sjølv om Mattis ikkje er så skarp, har han eit rikt indre liv. Han les naturen som teikn, og han kommuniserer med fuglar på fuglespråket. «Du er du», seier fuglane til Mattis. Når ein fugl blir skoten utanfor huset hans, blir han heilt i frå seg. Det er eit vondt varsel, trur Mattis.
Eit varsel er det også når lynet slår ned i eitt av dei to ospetrea som står utanfor huset dei bur i. Mattis veit at folka i bygda kallar dei to ospene for Hege og Mattis, men han veit ikkje kva for tre som er han, og kva for tre som er systera. Kven av dei to har blitt råka? Er det han, eller er det Hege? Uansett vil han ikkje klare seg.
Ein dag finn Mattis seg ein jobb. Han vil bli ferjemann og ro folk over den store innsjøen like ved huset deira. Hege seier det ikkje bur nokon på den andre sida, men Mattis får likevel ein passasjer, tømmerhoggaren Jørgen. Mattis tek tømmerhoggaren med seg heim, og etter kvart blir Jørgen og Hege kjærastar. Jørgen tek Mattis med i skogen og prøver å lære han å hogge tømmer, og Mattis trur han forstår kvifor: «Han skulle nok bli forlaten».
Mattis veit ikkje kva han skal gjere, men så slår ein tanke ned i han som eit lyn: Han må setje seg sjølv på ein prøve. Utan å seie noko til Hege og Jørgen planlegg Mattis korleis naturen skal få avgjere liv og død. Han skal leggje ut med båten, ro så ingen kan sjå han frå land og sparke hol i botnen så båten tek inn vatn. Så skal han halde seg fast til årene. Flyt han til land, er han redda. Men om vinden kjem, er det over.
Kjelde: