Tor Jonsson og bygdedyret
Tor Jonsson vaks opp i fattige kår på ein husmannsplass i Lom i Gudbrandsdalen. Han blei forfattar og journalist, og då han døydde, var han rekna som ein av dei mest lovande lyrikarane i landet. Men Jonsson skreiv også artiklar, essay og noveller. Mange av prosatekstane hans har ein sterk brodd mot kulturen på den norske landsbygda.
«Bygda drap Arne. Eg visste kven mordarane var og sa det. Da glefste grenda etter mitt liv òg.»
Orda over er henta frå Tor Jonssons novelle «Liket» frå 1949. I novella møter vi Arne som er fjorten år og bestevennen til eg-forteljaren i novella. Etter ein operasjon kjem Arne heim til bygda dei to bur i, og han har på seg ein kvit anorakk som han har fått av slektningar i byen. Arne er den første med anorakk i bygda, og meir skal det ikkje til for at folk gjer narr av han: «Kjem guten att som lik, (..) – eg synest han har fått på seg likskjorta!», ler dei. Etter dette blir Arne aldri kvitt kallenamnet Liket og hånen frå bygdefolket. Når han til slutt tar sitt eige liv, er eg-personen sikker på kven som drap vennen: det var «bygdadyret».
Følg lenka nedanfor og les novella «Liket» i antologien Blant bygdedyr og vestkantkrokodillar. Om de vil, kan de jobbe med spørsmåla nedanfor:
- Kva for dyriske trekk har folket i bygda?
- Kva for effekt har det at forteljaren snakkar om «bygdadyret» i eintal, som om dette er eitt vesen?
- Kva symboliserer «Liket» for forteljaren, meir enn den døde bestevennen?
- Er det bygdedyr eller andre liknande vesen i lokalmiljøet der du bur?
Kjelder:
Gatland, Jan Olav. (2009, 13. februar). Tor Jonsson. I Norsk biografisk leksikon. Henta 4. februar 2018 frå https://nbl.snl.no/Tor_Jonsson.
Jonsson, Tor (2000). Liket. I Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller. [Oslo]: Det Norske Samlaget. (Opprinnelig utgitt 1949.)